Danse Macabre · Det egyptiske orakelet

I tråd med viktoriansk esoterisk tradisjon reknar me Tatot-korta som opphaveleg egyptiske, og nyttar dei som «det egyptiske orakelet» til Ranya. Utleggjinga skjer som ein triade av triadar, kor relasjonane mellom enkeltkorta og triadane kan vere av ulike slag, til dømes aktør : prosess : mål eller aktør : intensjon : ønskje for enkelttriadar og mål : hindring : løysing for triade av triadar.

Kort kan liggja i en negativ kontekst; implisitt gjennom relasjonane til andre kort eller eksplisitt ved å vere snudd opp-ned. Slike kort har same tyding som normalt, men ofte med sine mest negative eller uheldige aspekt. Første gong tok me ikkje omsyn til rettvendt eller omvendt orientering av korta. Distinksjonen er her lagt inn basert på korleis korta vart tolka.

Første rådspørjing

Anshelm har følgd Osric på Jorsal-ferda sidan dei møttest i grensetraktene mellom Antiok og Tripoli. I Tyrus overnattar dei hjå Umm Samira Ranya, som spår om Osric og hans «quest».

Tolking
Knight of Cups The World Judgement Beger-riddaren eller gralsriddaren er openbert Osric. Verda er reisa hans; sidan han har reist gjennom alle kjende land og er på veg til Jerusalem som er verdas midtpunkt. Dommedag eller kjødets oppstandelse er kvilestaden han søkjer for hjartet til Odile.
The Hierophant Justice, inverted The Tower Ypparstepresten vart tolka som Gerald av Lausanne, den katolske patriarken av Jerusalem som har tilhald i Akre då han ikkje finn sarasenarane like omgjengelege som kjettarar av kaliberet til Keisar Frederik og Athanasius II, den ortodokse patriarken av Jerusalem som har tilhald der. Rettferd eller domsmakt fulgd av Guds hus eller det falne tårnet vart i tråd med ikonografien tolka som at han ville (mis)bruka si makt til å bruke mirakelet med hjartet til Odile som orsaking for å innta Jerusalem i strid med avtalen mellom Frederik og Sultanen.
The Hermit The Moon Ace of Cups Eremitten er opplagt Anshelm, men det tok tid å finne ut kva dei siste to var. Begeret eller Gralen må vere det gralriddaren Osric søkjer, truleg sjølve Jerusalem. Månekortet måtte tolkast mest etter ikonografien: ein veg går frå vatnet (kysten der dei er), mellom to tårn (grensefestningar) til eit fjell-land under månen (eit symbol på Islam). På «hitsida» av grensa står to hundar og gøyr/uler. Dei tolka dette som at Anshelm måtte leie Osric bort frå kysten og gjennom sarasensk land for at han skulle kome fram utan å verte hindra av den andre triaden.

Andre rådspørjing

Etter mirakelet med avdekkjinga av pyramidane er Ranya i svært dårleg form, og manglar «reservedelar». Anshelm legg eit orakel for henne, men ho seier at posisjonen til Osric-kortet (først, og det einaste rettvendte) tvillaust eit teikn på at hennar lagnad er knytt opptil Osric sine handlingar, og at det er hans situasjon som dominerer spådomen.

Anshelm påpeiker seinare at det siste kortet sentralt avbildar dei tre skapningane sfinks, slange og sjakal, som det er nærliggande å tolke som Ranya (sfinksen er i gresk tradisjon, avleidd av egyptisk, eit kvinneleg orakel), Anshelm (eit medlem av organisasjonen «slangane» vert ofte omtala som «ein slange») og Osric (som i det siste har blitt «vist vegen» av ein sjakal fleire gonger). Ranya er einig i at ei slik tolking er svært sannsynleg, då den let det siste kortet symmetrisk «oppheve» den overraskande Osric-sentreringa etablert med det første kortet. Ho er først litt skeptisk til at ho skulle vere sfinksen, men vert overtydd av at slangen ikkje er ein kobra som ein i kontektsen ellers skulle ha venta, og med det eit enda meir perfekt bilete på Anshelm. Koblinga mellom sjakalen og Osric meiner ho likevel er for veik til å vere heilt sikker på.

Tolking
Knight of Cups The Sun, inverted The Emperor, inverted 1: Osric (utan tvil)
2: Sola (i kva tyding?)
3: Farao-pretendenten. Ikonografi: ankh i handa; fire bukkehovud på trona er parallelle til sfinksane med bukkehovud som flankerer prosesjonsvegen til tilhaldsstaden hans; sand, elv og fjell i bakgrunnen stemmer med nett denne staden.
The Knight of Wands, inverted Ten of Swords, inverted Five of Swords, inverted 1: Person, parallell til begerriddaren (Al-Amir eller ein «transformert» Osric?). Ikonografi: tre pyramidar i bakgrunnen. Symbolikk: stokkar representerer elementet eld og himmelretninga sør (beger er vatn og vest).
2: Ruin, øydeleggjing (ved svik?)
3: Siger (ved svik?).
2-3: Overgangen frå X, det største talet, altså «alle» eller «det heile», til V er ei halvering både visuelt og matematisk. Ikonografi: båe hendingane skjer ved vatn der ein kan sjå over til andre sida (fjord, elv eller innsjø), truleg same staden.
Eight of Cups, inverted The Hanged Man, inverted Wheel of Fortune, inverted 1: «abandonment». Ikonografisk: «aktøren» går frå ei elv opp mot fjella på vestsida. Han forlet åtte beger, men har han teke med seg eitt?
2: Sjølv-offer. Ikonografisk: det «indre ljoset» er teikna svært sol-aktig.
3: Lykkehjulet. Ikonografisk: hjulet er «bore oppe» av skriftstudiar, og dreg rundt/vert drege rundt av ein sfinks (Ranya), ein slange (Anshelm) og ein sjakal (Osric?).

Det er fleire vertikale parallellar i oppleggjinga:

Denne parallelliteten kan tyde på at dei tre triadane ikkje representerer situasjon : hindring : løysing, men til dømes umiddelbar, nær og fjern framtid eller, sidan kvar sluttar med eit «usikkert utfall»-kort kanskje tre påfølgjande prøvingar.